veidemanns reiser wood hunting brown bear 402Kroatia er eit land med rike jaktradisjonar, med attraktive tilbod til einkvar jeger. Moderne organisert jakt daterer tilbake til tida rundt 1880, då kongeriket den gongen formelt vedtok lov om jakt og fiske. Før denne tida hadde jakta hatt stor betydning som matauk, særleg på landsbygdene.

Seinare har jakta gradvis blitt meir kommersialisert, og blir no forvalta som ein økonomisk ressurs, som kulturbærar, kjelde til matauk og som ein viktig sosial aktivitet.

Hovudårsaka til det rike biologiske mangfaldet er Kroatias geografiske beliggenheit, med landområde som strekker seg frå Alpane i nord, til det flate kulturlandskapet i aust og Adriaterhavet i sør. Ein finn ulike typar klima og biotopar som sikrar det viktige mangfaldet. Alt frå middelhavsklima i Dalmatia, alpint med grense til Slovenia - til meir kontinentalt innlandsklima i Slavonia.

veidemanns reiser wood hunting mouflon 402I Kroatia kan ein jakte store predatorar som bjørn. Andre jaktbare artar er hjort, rådyr, villsvin, muflon, dåhjort og gemse. Av småvilt kan ein jakte på fasanar, vaktel, steinhøns, rugde, rev, ulike vadefuglar og hare. Ulike delar av landet huser dei ulike dyreartane – alt avhengig av klima og geografisk beliggenheit.


I dei ulike landsdelane finn du også ulike jaktkulturar, ulike jaktstrategiar og bruk av ulike hunderasar - nett som i Norge. Å oppleve dei ulike måtane å jakte på, er ei spennande erfaring å ta med seg som gjestejeger.


 

 

 

 

Slovenia Veidemanns Reiser

Slovenia

View more
Croatia Veidemanns Reiser

Croatia

View more
Serbia Veidemanns Reiser

Serbia

View more
Norway Veidemanns Reiser

Norway

View more

Destinasjoner

Veidemanns reiser

Veidemanns Reiser

Kontakt

Telefon: +47 669 882
Epost: info@veidemanns-reiser.no

Haugavegen 18, Øvre Årdal 6884
Norway

Org. Nr. 917 087 997

rgf logo    I samrbeid med
   helle logo