veidemanns reiser hunting hjortejakt hjortDu smyger i mørke, dunkle eikeskogar. Tåkedisen stryk eit fuktig drag over ansiktet ditt. Eit halvt rifleskot unna høyrer du urdyret brøle, og du kjempar mot adrenalinet som trugar med å ta heilt overhand. Du er ved sjølve kjerna i det å vere jeger: Du jaktar, brølande, kontinental hjort.

Vi kan by deg med på hjortejakt i både Kroatia og Serbia. Hjorten blir jakta ved smygjakt 1:1, til fots,  og i brunsten handlar det om lokking eller ein kombinasjon av lokking og postering. Den beste tida er rundt brunsten  1. –  20. september. Alle norske storviltkaliber går fint an å bruke.

Jakta føregår tidleg på morgonen og sein ettermiddag. Vi jaktar kun i opne område, på hjortens heimebane. Elles er jakta ikkje spesielt fysisk krevjande. Skyteavstand er vanligvis opp til 150m.

Hjorten har sitt habitat i store skogsområde, der storvaksen bøk og eik dominerer,  langs elvar som Drava, Sava og Dunau. Særleg likar hjorten seg i område som jamnleg blir oversvømt.

I Kroatia og Serbia er det gode hjortebestandar og du kan jakte på alle storleikar og trofé i medaljeklasse viss du ønskjer det.  Slavonia og Baranja er dei mest kjende områda i Kroatia for hjortejakt. Her blir det tatt trofé i verdsklasse kvart år. I Serbia er det Vojvodina, langs elvar som Dunau og Tisa som er attraktive område for kvalitetshjortejakt.

Innlosjering er i jakthus i  jaktreviret eller på nærliggjande hotell av god kvalitet, med full pensjon. Slavonia tilbyr store gastronomiske opplevingar med  lokalmat som cobanac, fis paprikas og liknande. Gode kvalitetsvinar som Grasevina , Pinot Bijeli og Crni. Av spekemat er kjente spesialitetar som kulen, cvarci, kulenova seka, pancetta, ulike typar spekepølser av villsvin og mykje, mykje meir.

Høyrest dette spennande ut? I så fall, ta kontakt via e-post eller telefon for ein uforpliktande jaktprat. Kanskje kan vi i lag skreddarsy nettopp den jaktturen du har drøymt om, men aldri realisert?

Veidemanns Reiser08
Veidemanns Reiser05
Veidemanns Reiser02
Veidemanns Reiser03
Veidemanns Reiser04
Veidemanns Reiser06

Divlja Svinja Boar Veidemanns Reiser

Divokoza Chamois Veidemanns Reiser

Jelen Deer Veidemanns Reiser

Medvjed Bear Veidemanns Reiser

Muflon Mouflon Veidemanns Reiser

Srndac Buck Veidemanns Reiser

Destinasjoner

Veidemanns reiser

Veidemanns Reiser

Kontakt

Telefon: +47 669 882
Epost: info@veidemanns-reiser.no

Haugavegen 18, Øvre Årdal 6884
Norway

Org. Nr. 917 087 997

rgf logo    I samrbeid med
   helle logo