Divlja Svinja Boar Veidemanns Reiser

Divokoza Chamois Veidemanns Reiser

Jelen Deer Veidemanns Reiser

Medvjed Bear Veidemanns Reiser

Muflon Mouflon Veidemanns Reiser

Srndac Buck Veidemanns Reiser

Velkommen!

veidemanns reiser wood hunting roe deer 402

Gleda av å kombinere eigen lidenskap for jakt - og samtidig kunne tilby kvalitetsjakt for andre, har vore ein mangeårig draum for meg som jeger, skyttar og friluftsmenneske. Gjennom Veidemann Jaktreiser er dette blitt ein realitet. Med eit bein planta i norske jaktradisjonar, og med det andre i røtene mine på Balkan, har eg saman med teamet mitt bygt opp eit jaktreisetilbod vi håpar du finn interessant. Og kanskje aldri så lite unikt?

Styrken til Veidemann, forutan å ha tilgang til høgkvalitets jaktterreng i eit område av Europa som mange kanskje overser, er at vi snakkar alle språk som er representert på Balkan. Vi kjenner området. Og vi kjenner folkekulturen, jaktkulturen og det som elles må til for at du skal få ei oppleving for livet.

I Veidemann har vi spesialisert oss i jakttilbod i land på heile Balkanhalvøya, eller det som du kjenner som det gamle Jugoslavia.

Frå Slovenia og sørover samarbeider vi med svært dyktige og profesjonelle aktørar som har vore i bransjen ein mannsalder, og som vi sjølve har handplukka etter å grundig ha testa kvaliteten på terreng, viltbestandar, innlosjering og logistikk. Vi tilbyr alle typar jakt: Drivjakt på villsvin, bjørnejakt, ulike typar fuglejakt, troféjakt etter gemse og muflon eller andre ting, etter dine spesifikke ønske. Vårt mål er å alltid tilby sikre, innhaldsrike, utfordrande, sosiale og berikande kvalitetsopplegg, i samsvar med kundenes ønske, og til ein konkurransedyktig pris. Vi kan Balkan!

Høyrest dette spennande ut? I så fall, ta kontakt via e-post eller telefon for ein uforpliktande jaktprat. Kanskje kan vi i lag skreddarsy nettopp den jaktturen du har drøymt om, men aldri realisert? Og hugs: jaktdraumar er til for å realiserast – ikkje berre drøymast!

Vi er sjølvsagt medlem av Reisegarantifondet, for di skuld. Og vi står klare!

Med jegerhelsing
Jasmin Eminovic

Slovenia Veidemanns Reiser

Slovenia

View more
Croatia Veidemanns Reiser

Croatia

View more
Serbia Veidemanns Reiser

Serbia

View more
Norway Veidemanns Reiser

Norway

View more

Destinasjoner

Veidemanns reiser

Veidemanns Reiser

Kontakt

Telefon: +47 669 882
Epost: info@veidemanns-reiser.no

Haugavegen 18, Øvre Årdal 6884
Norway

Org. Nr. 917 087 997

rgf logo    I samrbeid med
   helle logo