veidemanns reiser wood hunting mouflon 402Jakte viltlevande muflonvær i fjella langs Adriaterhavet er noko av den mest eksotiske fjelljakta ein kan oppleve i Europa. Kroatia har den største bestanden av viltlevande muflon i verda i dag. Grand Slam og Ovis Club-medlemmer frå USA har i siste åra oppdaga Kroatia. Tyske, austerrikske og andre europeiske jegerar er også godt representert. Her kan ein nedlegge kapitale muflonar.

I Kroatia blir det jakta muflonvær heile året. Den beste tida er rundt brunsten i oktober og utover vinteren fram til mai. Om sommaren føregår jakta tidleg på morgonen og seint ettermiddagen. Det blir jakta i opne, fjellrike område på Peljesac-halvøya, i naturomgjevnader du garantert vil hugse like lenge som sjølve jakta. Ingen av jaktene skjer i hegn. Kun fair play, guiden og deg mot muflonen - på muflonen si desiderte heimebane!

Revira er kunnskapsbasert forvalta gjennom retta avskyting og svært selektivt jaktuttak.

I alle våre revir kan du felle muflon i den størrelsen du sjølv ynskjer, måtte det vere seg sterk gull over 210 CIC poeng, eller 184,99CIC (rett under medalje). Våre profesjonelle og dyktige guidar snakkar godt norsk, tysk og engelsk. Dei kjenner fjella som si eiga lomme og kan gi garanti for felling. Sjølvsagt må det litt jaktlykke til, og du må sjølv bidra med eit godt avtrekk og korrekt vurderte skotplasseringar. Vi tilrår 3-5 jaktdagar for ein vellukka tur.

Muflonjakta føregår som «spot and stalk» i fjellandskapet, der jegeren bør vere i god fysisk form for å ha best utbytte av jakta. Du skyt på avstandar 200m + og kjennskap til eige våpen og kulebane er eit must. Muflonen både høyrer og ser svært godt, samtidig som den er eit relativt hardskote vilt. Magnumkaliber er å føretrekke, og det er vanleg med ein del vind i området.

Innlosjering er i pittoreske Middehavs-fiskarlandsbyar, som byr på god lokal mat og vin, som til dømes Postup, Plavac Mali og Dingac. På tallerkenen kan du finne «Catch of the day» frå lokale fiskarar eller kjøttrettar tilberedt under «peka», ein spesialitet frå Dalmatia.

Book di fjelljakt og opplev den kroatiske kysten og den lune atmosfæren. Du kjem garantert tilbake!

Denne type jakt kan du også kombinere som ferie med familien eller ektefellen din. Dubrovnik, Split og andre populære reisemål er ikkje meir enn eit par muflon-skot unna…

For samanligning I forhold til CIC poeng

CIC points
175 CIC points
185 CIC points (bronze)
195 CIC points (silver)
205 CIC points (gold)
213 CIC points (gold)
220 CIC points (gold)

 

Veidemanns Reiser 002
Veidemanns Reiser 009
Veidemanns Reiser 06
Veidemanns Reiser 004
Veidemanns Reiser 005
Veidemanns Reiser 001
Veidemanns Reiser 008
Veidemanns Reiser 01
Veidemanns Reiser 03
Veidemanns Reiser 05
Veidemanns Reiser01
Veidemanns Reiser02
Veidemanns Reiser03
Veidemanns Reiser04
Veidemanns Reiser05
Veidemanns Reiser06
Veidemanns Reiser07
Veidemanns Reiser08

Divlja Svinja Boar Veidemanns Reiser

Divokoza Chamois Veidemanns Reiser

Jelen Deer Veidemanns Reiser

Medvjed Bear Veidemanns Reiser

Muflon Mouflon Veidemanns Reiser

Srndac Buck Veidemanns Reiser

Destinasjoner

Veidemanns reiser

Veidemanns Reiser

Kontakt

Telefon: +47 669 882
Epost: info@veidemanns-reiser.no

Haugavegen 18, Øvre Årdal 6884
Norway

Org. Nr. 917 087 997

rgf logo    I samrbeid med
   helle logo