veidemanns reiser wood hunting wild boar 402Jaktterrenget ligg ca. 70km frå Zagreb. Det er kort veg til og frå flyplassen.

Terrenget er på ca. 9000 hektar, eit ope (ikkje hegn) område som er skogskledd, (Storvoks bøk- og eikeskog i høgden), med åser ca. 400 moh. Jakta er ikkje spesielt fysisk utfordrande. Det er to mils køyretur tur-retur frå hotellet til terrenget. I løpet av vinteren migrerer dei fleste villsvin frå låglandet opp i dette området. Terrenget er rikt på vilt. Det er godt drifta gjennom ulike viltstells-tiltak året rundt. Du har god sjanse å skyte medaljebærande keiler under jakta.

Jaktdagen går føre seg slik: Frukost på hotellet ca. 07.00, køyring ut i felten, vi har to mini-vans med åtte seter til disposisjon. Oppstilling og info, sikkerhetsreglar etc. av jaktleiar (min kollega) fyrste dagen. Trekking av postar, utplassering på post. Denne posten forlet du aldri under jakta, før du blir henta/får beskjed om det. Det blir køyrt tre drev per jaktdag.

Det blir mange drivarar i sving, ca. 30 mann og 15-20 hundar. Vi får garantert mange dyr på post, så det gjeld å halde konsentrasjonen oppe. Nokon får fleire enn andre, slik er det under jakt i opne jaktterreng. Og hugs, skyt! Vi er komne for å jakte, ikkje for å sjå på "toget" rase forbi.

Men viktig: Bruk norske sikkerhetsreglar om sikker bakgrunn og vit alltid at det er villsvin du sikter på. Skuddhald blir frå 10 til 60 meter. Hugs å ta med ein del ammo. Alle norske «store» storviltkaliber er lovlege, men det kan vere ein fordel med noko grovt over 7mm. Det går i snitt 3-4 skudd pr. nedlagt vilt.

HUGS, det er ikkje tilate med lyddempar i Kroatia. Munningsbrems er ok.

Når siste drevet er over, vent til du blir plukka opp av folk som har sett deg av på posten din. Drivarar og anna personell tek seg av villsvin som er felt,og gjenomfører eventuelle ettersøk av påskotne dyr.

Vel tilbake i jakthuset blir det forfriskningar og middag ved bål. Alt frå gulasj, pølser, gryte, etc. Det er rikeleg med både mat og drikke, inkludert i prisen.

Deretter ventar oppstilling, honnør til viltet/viltparade, opptelling, dram, litt gode skrøner og erfaringsdeling. Kveldane tilbringer vi på hotellet, et middag og koser oss i påvente av neste jaktdag med nye moglegheiter.

Hotellet held grei standard, med alle fasilitetar: Barar, oppvarma svømmebasseng både innandørs og utandørs, ala carte-restaurant, m.m.

Sjekkliste før avreise:

  • Pass
  • Våpenpass
  • Sjekk at våpenr. og modell + kaliber stemmer med våpenkortet og det som er påført i våpenpasset!
  • Ammo fraktar du i originalemballasje, nedpakka i kofferten din, saman med ein vital del av våpenet ditt.
  • Signalvest, skjerf, lue. etc
  • Ta av lyddempar(munningsbremse ok)
  • Elektroniske hørselvern
  • Kle deg til vinter/sludd
  • Ein dagstursekk/stolsekk kan vere grei å ha som handbagasje på turen.

Sikkerheitsreglar

  • Ikkje lad våpen før du er på plass på post
  • Når du er ferdig og blir plukka opp frå post, trekk bolten tilbake og vis rifla di til nokon.
  • Vit alltid kva du skyt på, ingen sikker bakgrunn - ingen skyting, uansett kva kroatar seier. Vi køyrer norsk standard.
  • Spør og forviss deg om at du har forstått skytesektoren på posten din. Bestem deg i tillegg på kvar du vil skyte og kvar du evt. vil halde igjen når dyr kjem på posten din.

SKITT JAKT!


Veidemanns Reiser01
Veidemanns Reiser02
Veidemanns Reiser03
Veidemanns Reiser04
Veidemanns Reiser07
Veidemanns Reiser05
Veidemanns Reiser06
Veidemanns Reiser Boar6
Veidemanns Reiser Boar1
Veidemanns Reiser Boar2
Veidemanns Reiser Boar3
Veidemanns Reiser Boar4
Veidemanns Reiser Boar5
Veidemanns Reiser Boar7
Veidemanns Reiser Boar8
Veidemanns Reiser Boar9
Veidemanns Reiser Boar
Veidemanns Reiser Boar11
Veidemanns Reiser Boar12
Veidemanns Reiser Boar13
Veidemanns Reiser Boar14
Veidemanns Reiser Boar15
Veidemanns Reiser Boar16
Veidemanns Reiser Boar17
Veidemanns Reiser Boar18
Veidemanns Reiser Boar19
Veidemanns Reiser Boar20
Veidemanns Reiser Boar21

 

Divlja Svinja Boar Veidemanns Reiser

Divokoza Chamois Veidemanns Reiser

Jelen Deer Veidemanns Reiser

Medvjed Bear Veidemanns Reiser

Muflon Mouflon Veidemanns Reiser

Srndac Buck Veidemanns Reiser

Destinasjoner

Veidemanns reiser

Veidemanns Reiser

Kontakt

Telefon: +47 669 882
Epost: info@veidemanns-reiser.no

Haugavegen 18, Øvre Årdal 6884
Norway

Org. Nr. 917 087 997

rgf logo    I samrbeid med
   helle logo